Sjølsagt var ikkje vêrgudane med oss når me skulle på sightseeing i St. Augustine 🤪 Da regna sideslengs i det me sette oss inn i sightseeing bussen. Ikledd regnponchoar så gjekk det forsåvidt greitt. Ny opplevelse det óg 😄 Flott by me kunne brukt meir tid i her óg. Den var verkeleg flott med mange gamle store flotte velholdte bygg frå slutten av 1800-tallet. Mykje bygd av Henry Flagler som har vore med på mykje av USA sin framgang i olja og i jernbanen. Flink fyr 👏
På turen vidare nordover A1A vart det mykje oi og skrekkelig mykje wow 😎 For nokre hus dei har desse rikfolka her. Torde ikkje stoppe å ta bilde 😇😂 Men at dei er tre gonger større enn huset vårt heime, tvilar eg ikkje på.
Fekk oss ein ferjetur i går også over St.Johns river. Tok 10 minutta og kosta 7 dollar. Kun for å fylgje A1A 😄
Etter at A1A ikkje gjekk lenger, hoppa me over til I-95. Det varte ikkje lenge før det var kø dlux på motorvegen. Tenk deg 3 filer i kvar retning - og smekk fullt med bilar som MÅ fram. Det viste seg at det var ei bilulykka som var årsaken. Takk og pris for Google Maps 👍 Fant oss ein omkøyring som var verdt omkøyringa for å sei det slik🤗 Tok jo timen lengre å køyre, men slapp stresset med å stå i den køen, og fekk sett litt anna enn skogen langs motorvegen.
Motsetning vart stor då me i dag køyrde langs US 17. Forfall og dårleg vedlikehald prega vegstrekninga. Småbyar og forstadar av «Trailer-house» meir eller mindre i oppløysning, og med ein skrotnisse i anna kvart hus. Sjølvsagt mykje ok óg, men inntrykket er jo det du ser mest av.
I dag hamna me forresten bak eit gravfylgje.... 🙃 Der var sheriffen delaktig med bil framføre fylgjet, og ein bil bak. Begge med blålys på. Han som køyrde bakerst låg midt i vegen slik at han køyrde i begge felta (her var det 4-felts motorveg). Ingen skulle komme forbi. Og i den motgående trafikken - sjølv om det var brei midtrabatt på minst breidda av eit køyrefelt - så stoppa dei i respekt for gravfylgje.
Eit anna merkeleg fenomen me la merke til her, var alle små gravplassene etter vegen. Dvs ikkje desse som folk setter opp i minne om nære som har omkomme i trafikken. Nei, her var det inngjerda som regel, og 5-10 gravsteinar - og i private hagar. En og annan plass var det store gravplassar óg i nærleiken av kyrkjene.
I dag hadde me forresten ein sjokkopplevelse når me skulle reise frå Jacksonville NC. Det var overskya og drittkaldt!!! 62 farenheit er ikkje det me har vore vande med etter me kom over dammen 😨 Kor var langbuksa og skoa, og for ikkje å snakke om jakka når me måtte ut dørane. 58 når me parkerte i ettermiddag😱😂 Meldingar tyder på at det skal opp igjen til 80-85 farenheit i morgo, det gledes!
Vel, no sit me i 6. etasje på eit hotell langs stranda i Virginia Beach. A rom with a wiew 😎 Store er forhåpningene på skyfritt i morgo tidleg 😇
Slenge med nokre bildet frå dei siste dagane - enjoy 🤗
Foutain of youth... Pft - smakte klor av vatnet og me er ikkje blitt yngre 😜

| Flotte påfuglar |
Foutain of youth... Pft - smakte klor av vatnet og me er ikkje blitt yngre 😜
Kvit påfugl 😍 Dessverre for sjenert til å vise igg fjærpryden.. |
| Bridge of Lions. Tårna er frå opprinnelig bygging. |
| Skjell jakt 🐚 😄 |
| A room with a wiew |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar