Å suse avgårde i ein Mustang med rikelig hestar under panseret, kan eg skriva under på var ein real god feeling 😎 Har du moglegheit for det så grip sjangsen seier eg 👍
Me ankra opp i Marathon som er ei litt større øy før me kom til Key West. Ca halve prisen på overnattinga i forhold til i Key West! Iflg diverse bookingsystem så skulle plassen me valgte vere bra - 7 av 10 poeng. Pft... Bildene på nettsida deira juge big time 🤨
Vel, det skulle ikkje få påvirke gleda av å være i Key West, so tiden gjekk fort frå tidleg morgon til det var på tide å krype te køys. Key West er som på bildene vi har sett før - mykje folk, sol frå blå himmel, heitt, god mat og drikke, masse butikkar, severdigheter i fleng. Det vart vist etter depresjonen på 20-talet omtrent ikkje folk att på øya. Då var det nokre glupingar som fant ut at dei skulle satse på turisme der ute. Som sagt so gjort - og Key West vart det det er i dag.
Når det var på tide å reise vidare, bytte me bil på Marathon. Stanley hadde bestilt ein stor SUV, og det vart ein Mazda CX9. Aldri høyrt om den før eg, men stor er den, og godt går den også 🤪
Neste mål var Sanibel Island, med overnatting i Bonita Springs. Ein strålandes flott dag på strender av skjellsand og mange fine skjell 😄🐚😇 Derifrå køyrde me gjennom Everglades, og fekk med oss ein runde på desse artige båtane inni der, der me fekk sett sjeldne fuglar og ein gammal alligatordame på 60 år i flg guiden. Og så traff me på andre nordmenn som var på tur inni Everglades 😱😄 Satt på benken framføre oss i båten, og gjett om eg vart overrumpla når dei snudde seg og kommenterte det til oss 😂 Ho var frå Lærdal jaffal, og eg hugse ikkje kor han kom frå. Dei budde i Oslo no, men det vart no litt kjekt å jabba litt med ein annan sogning midt inne i Everglades 🤪😂 Dei hadde vore på Sanibel Island, og var på veg til Miami.
No er me i St.Augustine. Første byen som vart grunnlag t i USA faktisk. Har ikkje fått gjort so mykje anna enn skylt av oss sjøen få Daytona Beach, og fått i oss litt god mat og drikke.
Daytona Beach altså 😍😍😍 Det var som å gå i potetmjøl - samme knirkelyder og var så finkorna at det var ein fryd 🤗 Kosa oss i sola og bølgene i nokre timar før me la i veg vidare på A1A.
For ein veg! Ja, ikkje vegen i seg sjølv, den er nokså ordinær, men husa etter vegen! Svære flotte eigedomar med eigen rundkøyring i hagen 🤪 Når du har eigen rundkøyring i hagen, ja då tenker eg du er stinn av gryn eigentleg 😄 Og dei låg på rekke og rad i strandkanten til Atlanteren.
Jaja, er lov å drøyme seg til slik tilværelse, men jaddi har me det godt heima óg tenke eg 😉
I morgo har me tenkt oss på ein rundtur her i St. Augustine. Håpar værmeldinga bomme. Det er meldt drittvær rett og slett. Tordenvær og regn ⛈⛈⛈ Me hadde jo det nokre få timar ein kveld i Miami óg, så eg tenke drittværet kan venta til kvelden denne gongen også om det i det heile skal begynna.
Nokre få bildet frå dei siste dagane er vel på sin plass, så her kjem dei. Dårleg WiFi her så det får bli med desse:
 |
| Eitt av mange soloppgang bildene |
 |
| Frå turen på Everglades |
 |
| Blir eit knallkult hotell 😎 Kan det være Hard Rock? |
 |
| Hagen til Ernest Hemingway |
 |
| Legg til bildetekst |
 |
| Naboen var og eit par på Mustang tur 😁 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar