torsdag 18. april 2019

Flydagen

Onsdag var dagen for lang flytur.
Skulle jo eigentleg reist frå Stavanger onsdag morgon. Men etter mail frå KLM om at fyste flyturen til Schipool var kansellert, og reisa vår framskynda til tysdag kveld, var det herre å pakka kofferten og avgårde tysdag kveld. 1. overnatting vart då på Schipool og hotellet Corendon.

Flyet frå Schipool til Atlanta var av den typen som hadde 2-3-2 seter i rada. Heldige me fekk oss seter der det var 2 👏😄 Grua oss litt til mellomlandinga i Atlanta, då den vist ok er gigantisk og ein av dei mest travle i verden!!! 😱 - og me hadde berre 2 timar frå me landa til neste fly.
 Peace of cake! Var godt skilta, og når me viste kva terminal me skulle på, var det berre å gå etter den. Dvs - det var tog mellom terminalene 🤪😂 Måtte venta ei heile stund ved gaten til flyet skulle gå 😄

Litt kipare var det når me kom fram til flyplassen i Fort Lauderdale. Taxien som me hadde forhåndsbestilt kom ikkje. Punktert i flg vedk Stanley snakka med, så vi måtte berre finne oss ein annen taxi. Ny taxi rekvirert, og vips var me ved hotellet. Ein liten tapp av ein godt vaksen fyr som knapt såg vegen mellom rattet og dashbordet 🤪 Men - haha til det første selskapet med hadde tinga taxi frå - denne var billigare 👍 Nei - ikkje uber 😛

Vel framme på Miami Beach Place hotel lokal tida  kl 17:30, so viste det seg at damen i disken var svensk 😄 Helen er ei hyggjeleg dame frå Østersund. Lettare å skravle med då 😉
Mange gode tips fekk me, bl.a. om ein «Trolley» som gjekk rett nedover til South beach - gratis - rett utanfor hotellet 🤗🚎  Den får oss frå A til B, meir treng me ikkje å sei om den 😂 Om du vil veta meir om den kan du googla 😉
Pakka ut i ein fart og reiste so nedover til Lincoln street.  Ei gågate med mykje liv å røre, restauranter og butikkar på rekke og rad. Måtte jo kjøpe inn til frokostmat og solkrem 😎
No er det torsdag morgon, og me er straks klare for ein dag i forhåpentligvis varmt og fint vær ☀️  Er meldt regn faktisk, men mest i morgo 😂😂😂

Her er nokre få bilder frå reisedagen - stay tuned:

Reisefylgje klar for tur ☀️ 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar