Dagane fyke avgårde når ein har det kjekt, og guuuuriland so eg kose meg! 🤩 Denne vesle landsbyen Bali kan eg ikkje får skrytt nok av 🥰 Heilt perfekt plass om ein treng å få tempo ned og berre chille som ungdommen seie. Sjølsagt så kan ein vandre rundt opp i høgden og nedover til sjøen att, eller svømma til du får svømmehud mødlo tædn 🤪🏊 litt shopping moglegheit er der, men det er ikkje det som er hensikten med Bali tenke eg. Sabla koselige vertskap, og dei "innfødde" ellers også.
Torsdag 14. bar det vidare til Agios Nicolaos og nok eit koselig hotell som låg langs promenaden som det heiter. Einvegskøyrd veg og akkurat 1 parkeringsplass att når eg kom 🥳 Lucky me 😁 fekk kofferten inn på hotellet og flaug ut dørene att sporenstreks 😅 Då bar det inn mot "sentrum" som låg ca 1 km frå hotellet - absolutt ikkje noko å klaga på det. Mysa rundt som ein typisk turist, sjekka når det var båttur til Spinalonga bl.a.
Fredag måtte eg utpåtur å rægge igjen 🚗 Ein rundtur opp i fjellheimen på jakt etter små idylliske fjellandsbyar. Og det fikk eg til gangs 😍 🛖🏘 Total køyretid var ca 2,5 time, men eg brukte heile dagen pga alle stopp der eg måtte ut å sjå meg om 😄 Fant eit bakeri oppi høgget der som hadde eit utvalg du ikkje vil tru av kjeks og småkaker! Og så hadde dei jaddi olivenolje til salgs der òg 😅 Joda, vart litt kjeks med, òg olivenolje 🤭😂
Samme kvelden gjekk eg inn te sentrum att for middag på ein av restaurantene langs vatnet der. Fant meg ein plass og fekk maten servert samt eit eksemplar av lokalt øl frå området. Like etter kom det 2 par svensker som kelneren meinte kunne sitta på bordet ved sida av meg sidan me likaso var naboar ellers oppi Skandinavia 😂 Det endte med skravling på svorsk, svensk, norsk og engelsk - mang en god latter, og måtte bli med dei til ein bar dei hadde funne kvelden før🥳🤩 Nye bekjentskaper knytta der ja - for ein aldeles hærlig gjeng - Ingela og Helen med gubbarna 🥳🥰🤩
Laurdag vart det tur til Spinalonga - med skallebank 😜😂😎 Hvis du vil veta meir om kva den øya er får du googla 😉
17. mai stranddag på ein knallfin strand ca 10 min køyring frå hotellet. Eg vart ferdig med boka eg hadde med litt tidlig, og då tok eg meg likegodt ein ny runde i høgden mot sørsida frå Agios Nicolaos. Nye fjellandsbyar å oppdage 😂
I dag pakka eg kofferten og køyrde til Rethymnon. Ikkje langs hovedvegen, men fyst ut forbi Elounda og Plaka, og so rett opp i fjellet og so langs gamlevegen til Rethymnon. Kom fram litt tidleg for innsjekk og avlevering av bil, so då tenkte eg at ein tur på stranda hadde gjort seg. Skal jo ha ein dukkert eller 3 for dagen når eg er her nede 😄 Fekk parkert speedy, og ordna meg plass på ei solseng, nett ein liten dukkert og funne fram boka, so høyre eg plutseleg ei kjent stemma rett bak meg! 😂🤣😂 Joda, der var tidlegare kollega Jane Bakken og mannen Arne 🤩 Dei hadde fast "plass" på den stranda viste det seg 😁☀️😎 Skal bli eit lite treff ila veka med noko god gresk mat mm🥖🥗🍤🥠
I morgo har eg meldt meg på ein arrangert tur til Loutro. Glede meg te det for det skal være ein aldeles nydelig plass 😍
Vart jækla langt dette postkortet ser eg😅 jaja, har du gidda å lese alt detta, so kan du få med nokre av bileta eg tok også 😉😅
Fyst nokre bilete frå Bali:
 |
| Morgon sola frå døra på hotellrommet mitt i Bali🤩 kan ikkje klaga på dette nei 🥰 |
 |
| Inntak av D-vitaminer på solseng, med innlagte symjeturar ut te den ytterste gule bøya, og ei god bok i handa når eg låg i ro 😅 |
 |
| Dette er handlegata i Bali frå start til slutt. Zoomer du inn so ser du enden med stranda 😂 |
 |
| Jaggu glad wg ikkje gjekk handlegate før siste dagen. For herrejemeni so mykje godt dei hadde her! |
 |
| Ein av sjarmørane i Bali 😉🥰 |
 |
| Where to go, what to do... |
 |
| Søtaste scooteren eg har sett 🤩 |
 |
| Heilt enige 🥰 |
 |
| Frå ytterste enden av havna mot Bali |
So var eg komen til Agios Nicolaos, og vart litt fascinert sv desse trappene dei har pynta so fint. Var langt i frå alle, men nokre 🤩
 |
| Nok ein hotellrom med fabelaktig utsikt 🤩 |
 |
| Frå den berømte sjøen dei har i Agios Nicolaos der alle tek bilete når det er mørkt 😜 Fint når det er sol og tenke eg 😊 |

|
| Her har dei jaddi satt sjølvaste jesusen bak gitter... |
Resten av bileta er frå turane oppi fjellandsbyane, nede ved sjøen og nokre frå Spinalonga...
Og hvis du har gidda på mysa gjennom alle bildene òg er det verdt ein 👏👏👏😅 Sabla vanskeleg å velga av alle bildene eg har teke på litt øve ei veka, so då blir da so da blir🤪🤣
Flott å lesa, kosa deg vidare
SvarSlettSå flott🤩 kos deg masse🥰😎☀️☀️
SvarSlett