Ja, i skrivande stund befinne eg med i ein liten landsby som ligg sånn ca midt i mellom Rethymnon og Heraklion med det fengande namnet Bali 🏖 Nokre plassar skriv dei namnet Balion, men Bali er det dei kaller det sjøl. Krystalklårt vatn og heilt tipp topp for ein sogning å plaska rundt i 🤽🏊 Nokre pyser ville kalla det kaldt, det får bli deira sak... eg hadde rosintær - og fingrar - fleire gonger både i går og i dag 😜
Hadde "helgi' på meg i Chania med hotellrom/leiligheit i gamlebyen. Etter ei særdeles trivelig taxitur 🤩 frå flyplassen te hotellet, ankom eg hotellet og rommet eg hadde fått tildelt laurdag kveld sånn ca 21-tida. Men kom meg ikkje inn!! Etter ca 15 min kom det eit par og låste opp og gjekk inn!😲 Der hadde det blitt ein liten misforståelse der dei desse gjestene som hadde rommet eg skulle ha, forlenga med ei natt utan at det vart skikkeleg registrert hjå dei so dreiv dette etablissementet... So då sto eg der - på gata - og småfresa litt😤 Fekk omsider kontakt på telefon te kontaktpersonen på hotellet, og dei beklager så veldig, og gav meg eit rom i ein annan bygning. Som viste seg å opprinneleg ha vore eit nonnekloster!!😱👻😜 Måtte bytta rom dagen etter, så søndagen vart ikkje heilt sånn som planlagt, men shit au - får ta det att neste gong🤭 Dei romma der var berre heeeeilt fantastiske! Det siste glømde eg vist å ta skikkelege bilder frå, so om de vil sjå meir får de googla - Hotell Madonna del Mare heitte det - anbefalast!
Måndag morgon fekk eg levert leigebil eg hadde bestilt levert på døri 🚗 sabla praktisk 😁 Utleigar var ein typisk gresk sleip fyr i 50 åra med same sveisen som Håland 😬 Djizez meg altso 🤭
Meen - å køyra inne i Chania by e ikkje for pyse vil eg påstå! Einvegskøyring på kryss og tvers😵 Fekk sett mykje av byen, fine hus i utkanten, og nokre ikkje so fine.. Kom meg heilskinna ut av byen utan ei skramma, og køyrde på raudt berre ein gong😜😅
Tok nokre avstikkarar ned til nokre små landsbyar ved havet på veg mot Bali. Huske ikkje namnet på dei, men fint var der 😊
Rommet eg fyst fekk tildelt her på Bali var heilt ok, men uteplassen var noko sørgjeleg. Knapt 1 meter brei og nokre pinnestolar som ikkje var noko særlig å sitta på, med utsikt rett i ein vegg og sovidt noko sjøutsikt.... Litt småskuffa etter den fantastiske starten i Chania..... Frå romma er det 30-40 trappetrinn - gjennom ein taverna som ligg 2 etasjar under - og vipps er du på stranda! 🏖 Særdeles hyggjeleg personale på denne tavernaen kunne fortelle meg at eg var årets fyste gjest på hotellet, og for augneblikket den einaste. Då tok eg likegodt og sendte ein melding te hotellet og spurte om det var mogleg å byte til eit rom på framsida der det er rettt ut til ein gedigen terrasse med utsikt rett på stranda 😁🤩 Null problem - bytte gjort på 10 min! Lucky me 🥰
Her er forresten ingen nordmenn for tida, kun engelske og tyske, og nokre austeropeiske eg ikkje klare å plassere - i alle aldre.
Her skal eg vera til torsdag, so bere det vidare austøve til Agia Nicolaos for nokre dagar.
Stay tuned so da heite 😊
Her er nokre bilete eg har knipsa so langt på turen 😎
![]() |
| Arkeologisk utgraving rett ved hotellet i Chania |
![]() |
| Sånne lamper kunne eg tenkt meg! Har ikkje plass te dei då, men pytt 😅 |
![]() |
| Inngangen til hotellet... |
![]() |
| Einaste bildet frå rom nr 2 |
![]() |
| Lynet... 😛😂🚗 |
![]() |
| Nok av trapper til hotellet!! Enten ned desse frå vegen over - som eg gjekk når eg kom slepandes på kofferten 😛🥵 Eller so kan ein ta trappa i bilete over som er frå/til stranda. |
![]() |
| Ein av dei greske sjarmørane 🤩😅 |


















Koooos dg masse🌞🤩👙
SvarSlettTakk Åshild 🥰 Det nytes i lange drag ☀️🏊😎
Slett