lørdag 23. mai 2026

Postkort nr 3/2026

 Hadde ein knallfine tur te Loutro på tysdag 🤩  var ikkje store båten me vart frakta med, men so var ikkje det so veldig lang båttur heller. Sjarmerandes fin plass der omtrent alle bygninger var kvite med blå karmar og dører 🇬🇷

På vegen til Loutro stoppa me innom ei strand som hadde namnet "sweet water beach". Det var vist pga fersk vatn som kom ned frå fjellet rett over. Sjarmerandes plass som eg i ettertid fekk vite var delt i 2 der den ein delen var naturist strand 😉😎 

Sjøen var so klar som eg aldri - trur eg - har sett før! Ikkje veit eg kor djupt det var men når me landa te den vesle kaia der såg me heilt klart store steinblokker på botn 🤩

Me fekk fylgje av eit par delfinar på turen forresten 🐬🐬 Eg sat sjølvsagt vendt mot fjellsida og kika den vegen då dei kom fyst, men fekk sett dei etterkvart - flotte dyr altso 😍 Fekk ikkje noko vetigt bilde då... 

Liten rundtur i landsbyen Loutro vart det før eg fant meg ein plass på stranda og hoppa i havet 🏊  










 

På returen til Port of Sfakia hadde det begynt å blåsa opp, så båten fekk gynga seg godt og me som satt på toppen fekk kjenna på det for å sei det slik 😅

Bussturen tilbake til Rethymnon tok ca 1 time, og eg sikkra meg sete slik at eg skulle få nyte utsikten på returen 😃 Jadda - sovna eg sjølsagt etter kanskje 10 min!!! og våkna ikkje før fyste passasjerane skulle av i utkanten av byen 😂🤣😂 

Torsdag ettermiddag vart eg plukka opp av Jane og Arne, og vart med opp til ein taverna i ein fjellandsby der dei pleier ta turen når dei er her. Endå ein koselig plass å vandre rundt i - tek ikkje lange stunda det forresten 😅

Sette oss te ved eit bord, og bestilte mat rett og slett. Ikkje noko spesifikke rettar - det vart meze/tapas 🤩 Og vin på mugge til meg og Jane - kvit til meg sjølsagt, og raud til Jane 🥂🍷 Ein skikkeleg trivelig kveld 🥰

Alt var berre så godt!! Og denne maten me fekk servert der skal du leite lenge etter langs "turiststripa"... litt synd det egentlig, men der må dei vel servere det dei fleste turistane vil ha.






Ellers har det denne veka gått i vandring i byen og nyte sola og symjeturar 🏊🏖☀️ 

I går var eg forresten og fekk meg ein god massasje på ei  velværesalong med 5 ⭐️like ved hotellet 😍 Må bevilga meg det når eg er her tenke eg. 60€ for 1 time der ho elta kroppen min som ein gedigen brøddeig er ikkje upris 😂🤣😂 Den eltinga av mageregionen fekk forresten gang på systemet! Shit for å sei det enkelt, utan å utbrodera DET noko meir 😜🤭

2 dagar att her før eg set nasen mot Chania for dei siste dagane der. Akkurat no tidleg morgon so regnar det, så får sjå kva eg finn på...


5 dagar att til heimreise forresten... kunne ha vore her mykje lenger eg 🥰😉


Btw - hvis du kommenterar her på sjølve bloggen så er det fint om du legg med namnet ditt òg 😇 Synest det er litt kjekt å sjå kven du er 😉🥰


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar