lørdag 30. august 2025

Pilen flyttebyrå har gjort jobben sin

 .. og alt er komen i hus. Nesten ferdig å pakka ut alle øskjene er eg òg. Nokre står stabla inne på gjesterommet i påvente av skuffer eller skap å få satt det inn i😜 Ein ting er brennsikkert, du veit ALDRI kor mykje du har før du skal flytta 🫣  Eg var so sikker på at det var minst lika god plass på kjøkkenet her som i leiligheten i Sandnes, men der tok eg skammeleg feil gitt! Fekk ikkje plassert Kenwood'en min ein gong😬 Jaddi godt eg solgte unna det eg gjorde før eg flytta 😅

Køyretur nr 2 nordøve gjekk som smurt 🏎Avreise frå Sandnes ca kl 7.30 tysdag 19, og valgte 2 overnattingar denne turen og.  Var på plass på Tverlandet 10.30 torsdag morgon - i god tid før overtakelse av min nye leilighet kl 12 🤩🥳  Tok nesten same ruta som fyste turen, men tok av til rv3 opp til den møtte att e6 rett før Berkåk. Om det var ei raskare ruta trur eg ikkje. Er vel berre færre bom der tenkje eg. Grådig kjedeleg veg jaffal 🫩 Mustangen gjorde jobben sin den og det gjekk unna der det var lov 😁  Lading var aldri noko problem, og det vart litt fleire ladestopp enn eg rekna med. Bilen var jo smekk full og då sjølsagt noko tyngre. Eg må hugsa å få bestilt meg heimeladar her kom eg på no 🧐😅 Har ikkje lada sia eg kom hit den 21.

Fyste helgi eg budde her - altso forrige helg - so malte eg om heile soverommet mitt. Der var eg 100% sikker på kva farge eg skulle ha og då var det berre å få det gjort før senga mi kom i hus 😉

Tysdag hadde eg fri(flyttedag), og då var det full rulle her. Flyttebyrået eg leigde te å få alt eg hadde med i flyttebilen, flytta dette frå lageret og opp i leiligheten. Her e ikkje heis, difor valgte eg rett og slett å gjera det slik. Dei fekk jaddi trimma seg ja, og som han eine sa so slapp han å gå på treningsstudio den dagen 😂 I tillegg so kom Bring med den nye vaskemaskina mi samt spisebordet og stolane samstundes, so du kan tenkja deg det var eit renn i trappene og dørene her😜 

No er alle møblane som er komne i hus ferdig montert, og føtna er komne velfortjent på sofabordet💪🤭 Eg vente framleis på seng te gjesterommet, sofaen, tvbenken og ein kommode eg må ha på soverommet mitt. Gjestesenga kjem ikkje i hus før veka rett før dei fyste gjestene kjeme, og eg kjenne eg stresse litt der ja! Er vist tomt for alt av møblar i møbelbutikkane her pga alle studentane som er komne te by'n🙄 

Ellers har fyste veka på jobb vore knallkjekke! Har hatt gleden av å sitta ved min kontorplass i tilsaman kanskje 1 time heile veka 😂  Det var rett i sluttfasen på "prosjekt ny lokasjon" i byen (for ein avdeling), og på mandag skal me utpåtur nokre dagar til neste "prosjekt ny lokasjon" oppi Steigen🤩😄 Har helst på ein haug nye folk på stasjonen som eg absolutt ikkje hugsar namnet på lenger, medan nokre har eg fått lagra i topplokket. Mest fordi eg har jobba litt i lag med dei denne veka 😅 

Gongen er full av papp og plast - godt sortert slik at det er lett å få kvitta seg med det på gjenvinningsstasjonen.... når eg får anledning ein gong i slutten av neste veka 😂 Oppdaga litt for seint i dag at dei stenger kl 14.00 på laurdagen!! Fasikken altso 🙄 Litt for godt vande med åpningstidene på Forus ja! 

Nokre få bilete har det blitt innimellom, og her kjem dei 😊

Etestova på plass, i tillegg til favorittmåleriet 🥰

Eit steinkast frå verandaen min 🤩

Eit vidare perspektiv frå verandaen 🤩

Er ikkje meir plass enn det må vera 😜 Stor garasje ja! Men fader so smale!

🤪😂



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar