torsdag 3. juli 2025

Ut å rægge 😄🚙

Det vart leige av bil dei 3 siste dagane av Kreta-ferien i år 🤩 

I år endte eg opp med ein Hyundai i10 2023 modell, automat. Gubedre så treig i bakkane! Ikkje rare strikkmotoren i denne trøbilen 😜

Første dagen endte opp med beine vegen til Falasarna Beach. Har drømt om den sia i fjor der været ikkje var på mi side for å få med meg solnedgangen. I år klaffa det 100% 🤩




Vatnet på denne stranda er so klart at det er heilt utruleg 🤩 Meeen - enten var eg kokvarm når eg skulle uti, eller som var det hakket kaldere enn eg hugse frå i fjor. For det vart litt "iiihhhiii" når eg bykste uti 😜😂 🏊  men når eg no var komen uti tok det ikkje så lang tid før det var heilt ok og eg plaska rundt som eg pleie 🏊🐬🧜

Dag 2 med "trøbilen" gjekk til Bali 🤭🏝😄  Ei strand eg vart anbefalt av ei som jobbe her på hotellet. Denne landsbyen og stranda ligg rett aust for Rethymnon, ca 1t 30 min frå hotellet. Guriland so koselig liten landsby 🤩 stranda var ok den, med god temp i vatnet der den ligg i le for bølgene frå storhavet 🌊




Dag 3 - og siste feriedagen, gjekk til Paleiochora på den sørlige delen av øya. Køyreturen var jo berre knallfine! Den tok sjølvsagt myyykje lengre enn det google påsto 😇😅 Eg hadde i utgangspunktet tenkt å køyre ein annan veg på returen, men det slo eg i frå meg fort. Rett og slett fordi det var fleire landsbyar eg ville stoppe i på returen 🤩😄




Bildene yter ikkje rettferdighet for den flotte utsikten det var oppe i lia der🤩 
Ein må stå der og oppleva den rett og slett 🥰
I år var det ikkje noko å sei på vegstandarden i allefall! 2 felts veg med stripa i midten omtrent heile vegen. Ja bortsett frå gjennom nokre av landsbyene 😄
Paleiochora var ein skikkeleg koselig landsby. Himla mange tavernaer osv, so det må vera ein populær ferieplass. Etter å ha vandra litt inni byen gjekk eg te den eine stranda som låg litt i le for vinden. Trudde eg 😜🤣 Fekk av meg fillene og uti vatnet med meg for å kjøla ned topplokket. Når eg kom opp at te solsenga eg hadde kapra meg var det som å bli sandblåste dlux!! Real vind som tok i sandstranda 🌪Jaja, måtte jo berre bli der sia eg hadde betalt for denne solsenga ei stund i allefal. So då vart det meir bading, og lese ferdig 3dje boka for turen 🤓📖📚






På returen vart det matstopp i den eine vesle landsbyen eg hadde sett meg ut på vegen tidlegare. Det vart dei beste greske kjøttbollane eg kan hugse å ha smakt! Skal ein smake ekte gresk mat så er det på slike tavernaer du får det 😍


Og der var 14 dagar rein nytelse i varmen over 😱😅 
I morgo er det retur heim, og bussen kjem og henter meg ca 9 - fly i 12-tida.

Siste aftenbilde herifrå, og siste postkort for denne gong. 




Hoppe glatt øve alle dagane med sol og bad, og "tog-tur" til "Grand Canyon" og "Orange Valley" inkludert trynings i trapp (skulle vore STRENGT forbudt å ha siste trinnet høgare enn alle dei andre!!) - med påfylgjande fagre blåe kne 😜😂🤣 Har fått farge i fleire valør denne ferien 🤭😂




2 kommentarer:

  1. Det ser ut som du har hadt en kjempefin ferie Bentemor🥰

    SvarSlett
  2. Dette var moro å fylgja deg på. Særleg siste dagen på tur til Paleochora. Der var eg på 14 dagars ferie ca 1980. Det var èin koseleg landsby, men kanskje litt kjedeleg. Dei siste dagane me var der, sat me rett over busstasjonen om kvelden, for å sjå på dei nye turistane som kom!!!🤣🌺

    SvarSlett