tirsdag 7. juli 2015

4. - 6. Juli...Tjo og hei - her er me igjen :)

Kjære folk altso -  so mykje folk det var på 4.juli feiringa! Som han derre sykkelfyren Dag Otto seie - "tusener på tusener" !!  Me var tidleg ute for å sikre oss plass der me forhåpentligvis skulle få optimal utsikt til 4. juli fyrverkeriet. Det starta ikkje før 21:30, men me var på plass ca 18:00... Og me var IKKJE åleine om det..


Vel, på dei fylgjande bildene ser de kor godt plasserte me var.....



Var mange som ytra ein god del ukvemsord rimelig høgt..  Vel, me stima i flokk bort til nedsida av Brooklyn Brigde i håp om å kunne fange nokre gode blinkskot... Hadde på "seriebilder"... Det vart nokre bilder ja .. :):):) ca 300!!! 


Det kom seg når me fekk åla oss framover ;) 

Når fyrverkeriet var over etter 30 minuttar var det berre å legga i veg mot leiligheten igjen. Me valgte å gå eit stykke til ein subway lengre vekke frå der alle andre skulle. Det vart rett i loppekassa når me kom heim sidan me skulle pakke og køyre neste dag.

Søndagen tidleg opp og pakke ferdig før me for ut mot JFK og Hertz der me hadde bestilt bil. Me hadde bestilt Toyota Rav eller lignande, og det vart lignande :)  ein Jeep patriot av ny årgang..


Me hadde fått lånt GPS av ei kollega av oss, og med den i lag med kart so har det gått veldig greitt å finne fram :) Søndag bar det rett til eit gigantisk outlet "Woodbery" - halvannan time nord for NYC.  Kan ikkje sei eg er so veldig imponert.. Billegare på 21century på fleire av varene!! Søren klype altså.. Vel - litt vart det kjøpt lell, men fant langt i frå alt det eg var på jakt etter...

Vel - fant oss overnatting på eit Hotell ikkje lang fra outlet'en. Har vist gått litt trått med opplasting av bilder, så eg har ikkje bilde derfrå endå.. Ikkje det mest fancy me ha vore på.. Døra gjekk ikkje heilt opp ein gong. Den stoppa halvvegs pga det tjukke teppet på golvet :):). Og frokosten - sørgelig..

I dag - mandag - kjørte me litt inn i landet opp mot Fingerlakes og langs  Seneca Lake. Der var det flott!! Gode vegar har det vore heile vegen, det meste på 4 felt motorveg, bortsett frå langs sjøen då. No er me på eit ok hotell på USA sida av niagara falls. Glede oss til i morgo og håper at værmeldinga ikkje sler til.  Det er meldt budlevær og torden!!!

Nattinatt frå junaiten og de :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar