torsdag 2. juli 2015

Onsdag 1. Juli..

Her vare heldigvis ikkje regnbyger i fleire dagar og veker :):):). Var eit helsikes vêr i natt, det bles og regna og tordna godt. I 8-tida var det over - sola skein frå nesten blå himmel att - og me gjekk ned til vaskeriet på hjørnet nedi bakken her. Hokuspokus so var kleda ferdig vaska og turka, og me var heime att før me ana det. Godt var det..
Skallebank dlux so eg gjekk rett å la meg att og sov til i 12-tida!!!  Vel - ro i røvi har me ikkje, so då bar det ut ittekvert att. Vandra oppøve Brooklyn langs ei "ny" gate. Gjekk på subwayen oppi her eit stykke, og tok den til Noho-området på Manhattan. Vart tipsa om ein butikk der i går som hadde mykje bra kjøkkenutstyr. Kjekt å sjå og kanskje shoppa noko :) ;).  Fint område der forresten, og ikkje så høge bygningar heller.

Me havna ittekvert oppe i Chelsea området. Der ligg Chelsea-Market som er ei handlesenter. Var inne og frista på hummar - kjøpte ikkje med oss sjøl om me hadde litt lyst. Det må bli ein tur opp og ha hummar på restauranten der og få det servert slik det skal vere :):):). Ramla øve eit bakeri der me endeleg fant skikkeleg godt grovbrød - gjett om det har vore sakna! 
Her er det også ei sjappe med kjøkkenutstyr. Det er so mange forskjellige duppedingsar og dippeduttar du ikkje viste du trengte inne på desse butikkane :):):) Eit par dingseduppar vart kjøpt :p

Skulle ta ein express-subway heimøve i dag... Blæh.... Pga ein brann lengre nede på Brooklyn, samt eit togsett som hadde mista strømmen sin, so gjekk det heller tregt!!! Vel vel - fekk ittekvert bytta over til det vanlige me tek. Der sat det rett ovanfor oss ein familie med ein haug med ungar - skikkelig familien von Trapp :):):)  7 stk supersøte ungar frå ca 8-års alderen og nedover!! Der er det nokon som har har det travelt! ;)  Prata litt med dei før dei skulle av - kjekke folk...

Som vanleg - nokre bilete frå dagen nedanfor :)











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar