fredag 10. juli 2015

8.-9. Juli...

Gårsdagen var laaaaang :):):):)  So mange inntrykk og mykje å sjå og oppleva. Heldigvis var me max heldige med været torsdag - sol og passelig varmt. Langt i frå den varmen me hadde i NYC, men godt nok for oss vikingar :p
Eg trur det er like greitt eg let bilda nedanfor få beskrive dagen :)

I dag har det vore regnvær mest heile dagen. For so vidt greitt nok når me likevel berre skulle køyre. Reiste ca i 10-tida i dag tidleg frå Niagara Falls. Var skikkeleg sjekka ut av vedk som sto i passkontrollen inn til USA igjen!! Spurde oss ut om både det eine og det andre. Herregud, vart meste litt nervøse :) :p

Vel - no er me vel plasserte på hotell i Peekskill, ein drøy time nord for Manhattan. I morgo blir det å køyre til Hertz bilutleie ved JFK og få levert bilen innan kl. 13:00. Flyet heim går ikkje før i kveldinga, men me skal nok få tida til å gå der ute lell.

Mette av opplevingar er me, det skal no bli godt å komma heim att og sjøl om det er grådig kjekt å vera på tur :)























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar