lørdag 6. mai 2017

Takk for oss New Orleans

Dette har vore ei veka med mykje innhald! Jaja - ei veka er vel kanskje å ta i, sidan det var på søndag me kom hit og me reiser i morgo laurdag. Det er nesten ei veka jaffal 😊

Værmessigt har det vore både steikandes sol frå blå himmel som har gitt oss nødvendig påfyll av D-vitaminer. I tillegg har det vore reale regnbyger og tordenvær.  ALT er større i USA - til og med været! Altså regndropane... tordenværet... Holy crap som dei seier her... 💧💧💧 Me er jo begge litt fasinert av tordenvær og mykje vær slik sett, så ingen av oss låg under senga og skalv 😜

Me har og opplevd - sett - gått ein heil masse! Og så har me reist med streetcars - dvs trikk 😄 Det er ein stor by. Og ja, sjøl om me har gått mykje, har me og tatt denne streetcar'en rundt om i byen, Snakka med folk, sett på mange flotte hus, og nokre superflotte hus, og nokre ikkje så flotte hus...  Og so har me sett folk som bur i telt under dei store bruene. Det er ikkje like kjekt. Litt trist. Men me har ikkje møtt på like mange tiggarar og uteliggarar her som me gjorde i Los Angeles. Mykje høfflege folk er det her.  Det er good morning på bussen/trikken om morgonen, og have good night når me går av til hotellet.Du føler deg velkommen då 😊
Har og vore på kjekke båtturar på Mississippi, litt shopping, god mat og drikke, og noko mat me aldri skal ete igjen, testa Casinoet, vore på WWII-museum, "insekts-museum", sommerfuglpark, akvarie, og gått tur i den store parken med det gamle treet på langs - ikkje heilt rundt dessverre. Får jaggu væra måte på til trakking 😜  Undertegna klarte til og med å få seg nye blåmerker idag... Når omsider blåmerkene etter tryningsen i Los Angeles endelig var vekke!!!! Joda, vikig å skape minner 👍

Bilete får komma seinare. Litt "bob bob" wifi her som dett ut i hytt og dynevær... 😖

I morgo bere det avgårde til The Big Apple 😍 Heldigvis er det ikkje casino der, men dei har og ein stor park. Overdriv ikkje når eg seier me glede oss 😇

Stay tuned!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar