onsdag 3. mai 2017

New Orleans altså !


Snakk om velkomst! 
Eit realt tordenvær og regn som det berre kan regna i dette området – i tillegg til tornadovarsler i kø… Me var for så vidt klar over det då me hadde fått det med oss på nyheitene, men me trudde vel at det kanskje var litt overdreve… Vel, som dei seier heime – tru kan du gjere i kyrkja... 😇💦🌀🌂


Etter totalt 5414 km frå me henta bilen i Los Angeles, var det på tide å levere  bilen kl. 09.30 på flyplassen her i New Orleans søndags morgon. Me tok sjangsen på at me i allefall kunne setta koffertane våre på hotellet når me kom tidleg, og tur du ikkje - flaks igjen - me fekk rommet med ein gong👍 Og det tok ikkje lange tida før tordenværet var i gang.  Fytti grisen for eit vær!  Det var nokre "rolege" timar på rommet, før me i 5-tiden kunne rusle av gårde for å ta bussen ned til sentrum av New-Orleans. Fekk med oss slutten på eit opptog med musikk i front og fleire vogner bak dei kasta ut desse perlekjedene :D :D :D  Ellers vart det berre trakking hit og dit som forvirra nordmenn på tur, der me berre kikka oss rundt på hus og folk og bilar…  Mykje artigt og myke flott ;) 

 Fant og ut korleis transporten frå hotellet til sentrum funka. Er me heldige brukar me ca 45 minuttar ein veg, fyst med buss 30 minuttar, og deretter 15 min med trikken ned langs Canal street.  Dei har forresten eit fantastisk flott tilbod til sine reisande her i byen. For 3 dollar kan du reise kor myke du orkar med buss, trikk og båt i 24 timar! 3 dollar er ca 25 kroner!!!  Hekkan!!  

I går kosa me oss i sola i rundt i byen <3 Tett oppunder 30 grader er ikkje å forakte. Går myke vatn då ;)  Og det har me nok av!!  Eine plassen me var innom på køyreturen vår langs route66 hadde dei 2x 24 pk med 0,33 flasker vatn til 8 dollar… Dei seier vatnet i springen kan drikkast, men eg synest det er som å drikke vatnet i eit badebasseng!! :P
Var innom casino og i går :D  Eigentleg var det for ein tur på toalettet, men ein liten pause og putte på nokre få dollar på automaten kunne me prøve oss på… Totalt gjekk me vel med 20 dollar i overskudd :D :D :D Men eg vant 40 altså! 

Me hadde ein knallbra tur med sightseeingbuss på 2 ½ time rundt i New Orleans. Sjåføren var òg guiden, og fortalde oss myke om korleis byen hadde både slitt, og jobba seg opp igjen etter Katarina. Dei slit framleis. Denne demningen som myndigheitene no har bygd for å verne innbyggjarane er ikkje rare greiene. Skal ikkje meir til enn ein real norsk hauststorm, so sler bølgene over den!
 
I dag var det nok ein dag med strålandes flott vær - hærlighet so godt!  Vel - gløymde å smørja oss med solkrem før me gjekk, og so var da heilt i gløymeboki te me var på veg heim att... 😝 Har ikkje blitt solbrent, med jaddi er det ikkje langt i frå her me sit som to kokte hummarar 😜😁
Var ein tur med ein av hjulbåtane her i by'n i dag. Der var det og ein guide som snakka varmt om byen samt gav oss ein historietime om byen og Katarina i 2005, og korleis byen vart håndtert av myndigheitene i dagane etter det starta. Det er ei trist historie, og me forstår det ikkje heilt før me høyrer det rett frå levra av dei som har opplevd det og snakkar med dei.  Det var ei på bussen "heimover" til hotellet i går. Ho var over seg av glede av å ha møtt vetlesøstera si i går, heilt  tilfeldig hadde ho møtt ho i sentrum!  Dei hadde ikkje sett kvarandre sidan Katarina-stormen.  Å vere vitne til slikt gjer inntrykk . . . 

I morgo må me nok ta med oss paraply på by'n. Det er varsla realt uvær som på søndag igjen. Litt usikker på når det sler til, me tek det som det kjem.

Her er nokre bilete frå dagane hittil i n'årleens ( har hatt kurs i korleis uttale namnet på byen i dag 😉)

Dette er brua som går over fra Slidell til New Orleans over brakkvannssjøen Lake Pontchartrain. Dette er ei av tre bruer. Den lengste er 38,4 km, og er verdens lengste bru over vatn. Fakta frå Wikipedia; Største naturlige dybde er 4,26 meter, men noen kanaler holdes dypere for å muliggjøre skipsfart. Sjøen har et areal på 1 839 km² og er USAs nest største saltvannssjø og den største innsjøen i delstaten Louisiana. Innsjøen utgjør nordgrensen for byen New Orleans, og krysses av verdens lengste bro over vann, Lake Pontchartrain Causeway.


Her kan du såvidt skimte verdens lengste bru - Lake Pontchartrain Causeway

Ikkje noko godt forklarande bilde av været søndag, men eit godt forsøk ;)

Ut på vandring søndag ettermiddag :)

Mange flotte bygningar med staslege balkongar i smijern.





 

 

 

 

Magniolia tre.... Desse er over alt, og svææære tre! Sukk, den som hadde hatt det heime 😍😍😍😍
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar