lørdag 29. april 2017

2 veker unnagjort - 2 veker igjen !!

Det føles som me har vore på tur mykje lenger enn 2 veker! Det har vore so mykje å sjå og oppleva at eg må klypa meg i armen rett som det er 😜😄

Heldigvis - eller ikkje - kom det ikkje noko tornado eller tordenvær når me var i Little Rock. Ein stille liten by der me kun hadde ein liten tur ut på by'n og kikka på livet og ein liten matbit. Hadde vore litt kult å fått opplevd realt uvær 😎

Neste etappe var til Memphis, og dit kom me tidleg. Sjølvsagt fordi det var planlagt slik 😄😄😄 Det bar rett til Graceland og besøk til Kongen!  Svære greier dei hadde laga til med suvenirbutikkar og utstillingar av ymse slag i eit eige område, så vart me bussa til sjølve Graceland for omvisning i heimen til Elvis. Hadde fleire gonger #denfølelsen når eg gjekk der - tenk - huset til ELVIS!!! 😜😄  Var og ein kafè der - Glady's - der dei serverte Elvis si favoritt-mat. Men skrekkblanda fryd fant me ut at me skulle testa noko av det.....  Peanøttsmør&banan sandwitch, samt ein bacon&cheese burger som var heilt lik andre burgere av den typen. Som me oftast gjer her borte, vart det bestilt ein av kvar, og så delte me det. Er jo så hinsides svære porsjonar som blir servert her at me blir godt mett av 1 porsjon dei aller fleste plassane.  Vel, både sandwichen og burgeren var knallgod!! 🍔🍞  Just as you know 😛👍👌
Me kom oss i siste liten til hotellet, og eit heidundrandes regnvær og tordenvær satte i gang!! Dvs eg kom meg inn sidan Stanley satte med av ved inngangsdøra som er under tak, men han sjølv vart rimelig blaut i luggen!

I går var det Nashville som sto på plakaten. Strålandes sol og vel 80 farenheit - kan ikkje klaga på det. Er jo ein god sommarsdag heime det 😎🌞
Kjekt å sjå og høyre all den gode musikken som var frå kvar einaste døråpning langs Brodway. Annakvar  døråpning i denne gata - på begge sider - var enten ein bar/restaurant med live musikk, eller ein butikk der dei solgte boots og hattar 😄  Var litt fysen på å kjøpa meg boots, men det vart med fysinga 😜 Endte opp på HardRock kafè og fekk god mat og drikke der! 
Motellet i Nashville var ikkje mykje å skryte av. Desse karakteraene som det hadde fått, må vere dei tilsette som har gitt... 😡 Ikkje nok med det - det låg omtrent i enden av rullebana til flyplassen!!   Heldigvis gjekk det ikkje fly over der mlm 23.00 og 07.00, so det vart seint i seng og tidleg opp i dag for å komma oss vidare.

I dag har ferden enda opp i Tuscaloosa 😊 Kvifor akkurat her lurer du kanskje på? Vel - kult namn, og at det ligg halvvegs til New Orleans sånn ca.. 👍😊 Her vart me møtt med strålandes sol og 92 farenheit - sist eg såg på gradestokken!!  DET er heitt om du ikkje har noko å kjøle deg ned med. Skal snart ut å sjekke ut byen. Ser ut til at det er ein stor by!  Har jo 3-4 felt kvar veg i fleire retningar nedpå vegen her! Også er det viktig å legge inn på GPS'en om det er East eller West i gata du skal.  Hvis ikkje får du deg ein sightseeingtur 😜😂

I morgo skal me køyra til ein plass som heiter Slidell. Det ligg ca 1 times køyretur frå flyplassen i New Orleans, der me skal levera bilen søndags morgon. Litt greitt å ikkje ha stress når me ikkje heilt veit korleis trafikken og vegen dit her.

Her fylgjer nokre glimt frå dei siste dagane 😊

Endelig bilvask!!  Halve Navajo-ørkenen samt 1 mill eller 2 daue insekter gjorde at det var nødvendig :D

Middels stor bobil, med privatbilen på slep..

GRACELAND!! Selfien alle må ta når du er der ;)

Nok ein selfie du må ta når du er der ;)

Elvis favorittmat - burger heilt ordinær, peanut&banana sandwich good :D
Slik transporterer dei nye lastebiler

På veg sørover frå Nashville ramla me tilfeldig over denne plassen. Steike bra frokost!!!

Downtown Nashville

Glady's kafè



Memorial place... ...

💖

Sightseeingbussen i Nasville - som vi ikkje benytta oss av. Her vart kun apostelens hester benytta :D

Sånn bil hadde vore kjekt å køyrt med ein gong ;)

Ramla over denne på ein av kafeane me var innom.  MEGET godt sagt av denne mr Brown jr.


MÅTTE no prøva Elvis-solbriller

Porten inn til Graceland - alle tar bilde av den :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar