søndag 16. april 2017

Laurdag i Los Angeles

God laurdagskveld frå LA 😊

Det er travelt å vere turist her i Hollywood. I allefall om du vil ha med deg det meste av det som skjer der ute. Som eg nemnde i går tidleg, so hadde me kjøpt oss billett på sightseeing-buss. Tok like godt ein 3-dagars for å kunne rekke over dei forskjellige rutene dei hadde.... Kan jo hoppe på og av så mykje du vil og sjå og shoppe alt du orkar 😏

Den første  sightseeing-turen vart til Beverly Hills og Hollywood.
Etter første turen måtte me ha oss ein matbit.  Valget vart enkelt Hardrock Cafè siden del låg rett ved der bussen stoppa. Der har dei mykje å velge mellom av både mat og drikke 😉
Den neste turen vart til Universal City der bl.a. Universal Studios ligg. Steike ta for ein tur!!  For jo ut på motorvegen der det gjekk unna for å sei det slik... og der satt med på toppen av bussen utan belte!!  Vel - alt i alt var den turen ikkje noko høydare. 
Kom vel "heim" til hotellet i 21.30 tida, og vips var me i drømmeland gitt.. 

I dag har me farta kun med ein sightseeing-buss ned til downtown Los Angeles der Litle Korea, Chinatown, Fasion Distrikt mm ligg. Berre den turen tok 2 1/2 time!   Mykje kjekt å sjå, men og litt anna.  Det er sørgelig mykje uteliggarar her. Og spesielt la me merke til det nede i downtown. Telt i ymse kvalitet i parkar og langs motorvegen.  Og trur du ikkje!!  På returen frå downtown bar det jaddi ut på motorvegen igjen! Helsike altså - det var berre å halda på hatten for der gjekk det unna!!!

Her er nokre utvalgte bilete frå baksetet der me sette oss på dei turane me har hatt desse to dagane -  dei einaste setene med polstring 😎 - samt på vår vandring hit og dit.

Ellers kan eg melda om at Stanley har klart å bli solbrent på knea, medan eg har klart meg godt hittil 👍

Det er sikkert og vist at det er mykje forskjellig å sjå! Enjoy 😊
Baksete-bilde :)

Beverly Hills skiltet

Pynt i Beverly Hills

Joda - det var litt av kvart... ...

Obligatorisk bilde frå Walk of Fame

Porten inn til Chinatown

Marked i Litle Korea

Legg merke til skiltet her ;)

Eit bilete til frå Walk of Fame











Nokon som har pynta på ein grå og kjedelig vegg..

Det var med prøvinga... hehehe

Litt meir kunst på vegen..

Treng vel strengt tatt ikkje noko beskrivelse...

Been there ;)

Flott park med vatn i Downtown LA

... heilt til du kom til enden der alle uteliggarane hadde slått opp telt....

Skyline Downtown LA
Fotografen har fokus på det viktigaste jaffal 😇  Det gjekk unna, så det var berre å halde seg fast 😎

... og ut på motorvegen bar det! Trur det var 5 baner kvar veg...

















So krysse me fingrane for ei god natt utan fest hjå naboen, samt at me ikkje ligg for lenge frampå i morgo tidleg. Skal tross alt rekka eit par turar med sightseeing-buss i morgo òg!

Stay tuned!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar