fredag 14. april 2017

God morgen fra Los Angeles

Ny dag nye moglegheiter !

Det vart ikkje gjort so mykje sprell etter at me kom til hotellet i går etter ca 20 timar på reis.

 Flyturen fra Amsterdam til Los Angeles var 45 min forsinka, men 10.45 letta me omsider mot LA. 👍
Med svært lite søvn natta før me reiste og kun små "powernaps" undervegs, var me rimelig trøytte kan du sei 😵 
Fekk oss ein liten "ups" rett før taxien svingte inn til hotellet også... Der var det rett og slett ein politirazzia der fleire politi godt uniformerte sto med 10-15 personar lina opp mot eit gjerde!!  "Kva i alle dagar er det for eit nabolag med har havna i????" Men som eg sa til drosjesjåføren - no har dei rydda opp til me kom!! 😄

Etter at me hadde fått koffertane på plass på rommet vårt, tok me oss ein liten runde i nabolaget for å finne ein plass for ein matbit.  Gjekk forbi Paramount Pictures, tok ikkje eit einaste bilde. Ikkje av det berømte Hollywood skiltet heller som me kunne skimte oppe i lia....  Stanley tok bilete av meg under ein flott tre i med masse blomster, men det egnar seg ikkje på trykk. Trur ikkje eg skal sei noko om kor tidleg me sovna i går kveld, men me fekk oss ein lang og god skjønnheitssøvn begge to, kun avbrutt av nokre timar midt på natta der me såg litt på tv og surfa på nettet etter buss/metro ruter, samt bestilte oss billett på sightseeng-buss. Me leike tross alt ikkje turistar 😜😄

Ja forresten, søkte og etter restaurantar i nærleiken som serverte sunne frukostar. Kor sunn gjenstår det no å sjå når me no legg ut på dagens oppdagelsesreise.

Som onkel Finn seier det; Stay tuned!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar