lørdag 22. april 2017

Howdy folks ;)

Eller god morgen frå Monument Valley 😊

Jepp - vi er garantert i cowboy-land no. Og her er det fint lite eller særdeles dårleg både mobildekning og wifi 😜 Kan jo bli småsprø av mindre....

No sitte me utanfor ei knallflott hytta me har leigd oss  - midt i Monument Valley, og ete frokost og skriv her på bloggen.  Oppe ca kl. 6 i dag...  dvs i lag med fuglane, og fekk med oss ein knallflott soloppgang.  Magisk start på dagen!
Det gjorde me i går òg. Ca kl.4 sto me opp og ut med felles buss til forskjellige utsiktpunkt på kanten av Grand Canyon South RIM. KL 04.00!!!!  Steike det var tidleg gitt! Men - det var veldig verdt det 😍

Me reiste tysdags morgon frå Los Angeles via Death Valley mot Las Vegas. Henta bilen på flyplassen i LosAngeles i 9.30 tida og ut på vegen bar det. Sjølvsagt var det ikkje Jeep, men eg trur ikkje dei hadde det heller faktisk. Me fekk noko som likna som det sto i bestillinga, og me suser avgårde i ein rimelig ny GMC Terrain. Ikkje så aller værst den altså.  Kom oss heilskinna ut av byen på motorveg med 5 køyrefelt ein veg!
Men altså - Death Valley - steike der var det heitt altså! Tett oppunder 98 Farenheit som blir vel nærmare 40 varmegrader.  Ein eller annan plass i dette heite tørre aude landskapet, vart me angripne av ein "prærieball" - rullande kvisthaug - de som er kjende med cowboyfilmar veit sikkert kva eg meiner 😄 Me kom godt i frå det både me som sat i bilen, sjølve bilen, og prærieballen, men steike kor me skvatt der den kom fykandes over vegen 👍 

Las Vegas er slik me trur det er i Las Vegas ganger minst to! Ikkje min by for å sei det slik. Been there done that. Fekk med oss nokre av byens severdigheter gjorde me, og spelte litt på casino der me tapte kun 3 dollar 😜😄

Vegen gjekk torsdagsmorgon vidare til Grand Canyon via Hoover Dam.  Denne dammen vart eg litt småskuffa over.  Trudde i mitt stille sinn at den var litt breiare på ein måte. Men flott var det. Og heitt 😎🌞

Kjære folk altso - Grand Canyon ER verkeleg so storslått og flott at det ikkje kan beskrivast med ord. Det MÅ opplevast. Bilder viser litt men langt i frå den følelsen når du står der på kanten og ser utover det massive landskapet. Sjølve kanten der me var - Grand Canyon South RIM ligg på vel 6000 fot, som er godt og vel 1.830 meters høgde.  Dette området ligg i nasjonalpark, og dei ville dyra - for å sei det slik - gjekk å spankulerte innimellom hotellbygningane og husa til dei "innfødde". Hjort og kanin var det me fekk sett der 👍 Ogso var det kaldt der!!  Eg hadde ikkje tatt med i betraktninga at gradestokken sank betydelig etter solnedgang i dette området når eg pakka kofferten. So då vart det innkjøp av Grand Canoyn hettegensar! 50 farenheit er noko småkaldt...

So var fredagen komen og turen gjekk vidare mot Monument Valley.  La inn på GPS'en koordinatene til denne overnattingsplassen - Gouldings Logde - som me hadde fått når me bestilte plass. DET var feil gitt !! Havna langt pokkerivold ute i indianarland i Hopi tribe/reservatet... Grusveg i fleire kilometer... Me snudde etter kvart tilbake til det krysset me tok av, og gjekk inn og spurte damen i disken på kafeen der om kor i helsike me var i verda.... 👀😇 Ho tok det med fatning, og forklarte oss rett veg. Den avstikkaren tok vel 2-3 timar ekstra... 😜  Med andre ord så rakk me ikkje solnedgangen her i går kveld.  🌄

I dag skal me køyre mot Four Corners der fire statar møtes - Utah, Colorado, Arizona og New Mexico. Deretter har me ingen andre planar enn nyte dagen og sette kursen nedover mot Route 66 igjen. Me var innom den som snarast på vegen mellom Hoover Dam og Grand Canyon, og fekk med oss ein artig kafè som eg berre måtte ta bilde av og. Steike god grilla kylling der.

Her er nokre bilder frå fyrste kjøyredagen - enjoy 😙  Meir kjem når me har bedre wifi.....









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar