onsdag 26. april 2017

Route 66 - litt skuffa



Det endte med at me kjørte ned til Gallup fra Monument Valley. Fant ingen overnattingsplassar på vegen, og å sove i bilen er ikkje aktuelt!  DET gjer me kun heime i Norge, f.eks. på ferjekaia på Nesvik 😆
 

Frå Monument Valley tok me ein liten omveg via Four Corners. Det var ikkje det store opplegget der, men artig å ha vore der fire statar møtes, og få tatt det obligatoriske bilete.  Der var og mange salgsboder med suvenir frå forskjellige indianarstammar. Vart ikkje kjøpt noko der heller.  Fant oss eit bord der me satt oss for å nyte sola litt, og ta lunsj-matpakka. Stanley var forresten litt bekymra for skalpen sin, so me forlot plassen etter kvart stilt og roleg.  Eg meine no at ein bleik måne med gråsprengt kant rundt kanskje ikkje er så populært blant indianarane – men kva veit eg 😇😂


Vegane her er jo eit kapittel for seg.  Flotte beine vegar ute i ørkenen, det er sikkert.  Ser det beint ut på kartet så er det straka vegen og! Er jo berre å køyre høvelen over sanddynene og så legge asfalt over ;)  


I Gallup hadde me real uflaks. Endte opp med eit motell som låg langs jernbana. Berre Route66 låg imellom. Og så viste det seg at Gallup har den 2. største jernbanestasjonen i New Mexico!! Kom utav tellinga på kor mange gonger eg våkna om natta av desse forbanna togfløytene. Reine tåkeluren kvar enda gong! Stanley tok seg tia til å telje det eine toget med konteinere som kom forbi om ettermiddagen etter me kom dit. Ca 96 vogner vart det!! Det var 4 lokomotiv som drog framme og 1 bak til å sku. Dei fleste vognene var det 2 konteinere på, so då kan du tenke det det blir ein helsikes mange. I tillegg køyrer det jo himla mange trailere på Interstate40 òg... Det er myke som skal fraktast hit og dit, det er sikkert.


Frå Gallup var det inn på Route66 østover. Hadde egentleg forventa noko anna enn det me har sett og opplevd langs denne vegen. Svært mykje av den ligg tett inntil Interstate40. Med andre ord så ser du nøyaktig det samme på begge vegane. Og når me kom inn til tettstadane så var det så mykje forfall og søppel, at det var ikkje kjekt.  Trudde i mitt enkle sinn at langs ein slik populær turistveg so vedlikeholdt dei bygningane og ikkje lot det stå til forfall.  Mykje av Route66 går òg på sjølve Interstate40. MEN – det var jo sjølvsagt mykje kjekt å sjå òg!  Små tettstader som tok vare på det gamle av hus og bilar :)  Bilar på høgkant som på CadillacRanch 😃 Skal ikkje nemne noko om all søpla som låg der og alle sprayboksane… 


Neste overnatting vart i Tucumcari, der me fekk ein god natts søvn omsider.  Ja – har vore nokre korte netter i det siste. Må jo få med oss det som er å sjå.. 😊🌃🌄🌇🌵🌴🌻🍹🍺🐍🐎🐧


Frokosten - der den er med i prisen - på desse motella/hotella me leige oss inn på er ikkje mykje å skryte av hittil. Tallerknar og koppar av noko plast/isopor-greier, og plastbestikk. Maten består av fruitloops, cornflakes, te, kaffi og juice, samt toastbrød og syltetøy.  Nokre plassar har dei i tillegg skeia ut med eggerøre og steikte pølser eller karbonader..  Har til dd ikkje sett snurten av hverken tomat, paprika eller agurk – null grønsaker. Og så har dei vaffler med sirup!  Det blir ei skive toast med syltetøy eller eggerøre, og juice/kaffi/te.


Endte jaggu opp på grusveg her også! Eit stykke etter Tucumcari var route66 rett og slett på grusveg!! Flott åpent landskap og mykje fine blomster som eg måtte ut å ta bilde av 😇😊  Er no tolmodig og han eg reiser med 😍  Den eine plassen me stoppa der, stoppa det ein ekte cowboy og sa eg måtte passe meg for «ratlesneiken»! Woops  -  tenkte vel eg ikkje på at dei luska rundt langs vegen.. Kjekk fyr som og tipsa om at me måtte stoppe på «midway point». Det er der midten på route66 er mellom Chicago og Los Angeles. Her var det verkeleg flott laga til, og inne på souvenirbutikken/kafèen takka dei oss til og med i handa for besøket  :D


Strålandes flott ver har me hatt heile vegen, so det er tørt og godt langs vegane. Bilen har dermed skifta farge frå svart til gråbrun… Tok eit par dagar der me endelig i dag fant ein vaskeplass til personbilar. Var berre flaksen og, for me var eigentleg på jakt etter ein plass for å ete.  Er vist berre trailerane som har plenty av vaskeplassar langs vegen.. Apropos trailere… Sukk – eg har ei greia med desse litt gamle snutebilane med mykje krom på…  😎😉🚚🚚 Det er forresten berre snutebilar her!  Av alle dei 100-tals trailerane me har møtt, har det kun vore 2 som ikkje er det. Har og sett nokre nyare som også får «likes» ;)  Eg beundrar trailarane, medan Stanley beundrar bubilane etter vegen :D  Ja, du finn ikkje lik desse som rullar her på vegen heime. Svært få i allefall. Svære som bussar, også dreg dei med seg privatbilen på slep. Og det er sjelden småbilar! Innimellom er det pickup med gedigne campingvogner på òg. Altså – når det ikkje er boogi – dvs 2 hjul bak, men 3 hjul bak, ja då kan du tenkje deg størrelsen.

Det går unna på Interstate40. Grensa der ligg på 70 og 75 miles. Det tilsvarer vel ca 120-125 km/t. På Route66 er det «berre» mellom 45 og 55 miles… Det er mykje roadkill etter vegen – jordrotter, kyr, hjort, vaskebjørn, fuglar og andre dyr som me ikkje klarar å identifisere – enten fordi dei er heilt paddeflate, eller fordi me kjører litt fort ;) I tillegg til alle dei 1 million insekter i grillen på bilen… ;P Og so er det mykje dekkrestar!  Krysse fingrane for at me ikkje punkterer!!!!! 


Etter Amarillo har det berre blitt grønnare og grønnare. Heile vegen fra Los Angeles via Death Valley, Las Vegas, Grand Canyon og Monument Valley har det vore stort sett mykje fjell og sand. Dei har hatt tørke i lang tid i denne delen av landet, men i det sist har det komme ein god del nedbør som har fylt opp reservoara.  Trur nok kaktusane og sette pris på det.  Var mykje flott blomstring🌸🌻🌺🌵🌵🌵


I natt vart det overnatting i Oklahoma. Svær by der Garth Brooks kjem frå. 🎵🎸🎵  Det er forresten mykje cøntri-musikk på radioen fortida når den er på :D Det er enten det eller religiøse radiokanalar å velje mellom..  som me har hatt bry til å søke på då... Ellers går jo skravla om både det eine og det andre me ser etter vegen. Som for eksempel alle vindmøllene og solcelleanlegga.  Med dei store viddene så er jo det heilt toppers.  Til og med i åkeren har dei vindmøller. Svære vindmøller lignande dei som står ute på høgjæren. Og svære åkrar er det òg. Men alt er jo stort i Amerika😁


Me er no ferdig med Route66, og ferden gikk i dag tidleg vidare mot Little Rock som er eit par timar før Memphis.  Her er det meldt noko heilt anna vær enn det me har hatt til no denne ferien. På værmeldinga i dag tidleg kunne me få vite at det er fare for tornado, regn, tordenvær  og store hagl!! Vel – tiden vil vise…Pr no skinner sola fra blå himmel og det er over 80 farenheit.  Me har komme oss på plass på hotellet me skal bu på i natt, og er snart klar for ein tur ut på by'n :)

To småfrosne nordmenn kl. 05.00 som har fått med seg soloppgangen i Grand Canyon 😜😰😍 Mellom 5 og 10 varmegrader tipper eg det var..

Frokosten i Grand Canoyn... svindyr var den 😮

Klarte å bomme på gps'n... havna langt ute i øydemarka før me tok te vet og snudde 😜😜

Vanskelig å velge bilde fra Grand Canoyn, men det vart dette..

Har venta lenge på maten sin denna...

Denne er til deg Marius 👍😊

Huset på prærien laaaaaaaangt der borte.....

Four Corners Monument - eitt bein i kvar stat ;)

..

..

💕


Beine veien 👍😃

Kan vel nesten ikkje bli bedre plassering :)   Kom fram litt forsinka til solnedgangen 🌄

Soloppgangen ca kl. 7 om  morgonen - nydelig 😍😎

#Den følelsen......😇

Mexican Hat

Soloppgang Monument Valley
Gotta love it 😍😄

Midtveges Route 66 mellom Los Angeles og Chicago


Prærien... eitt av mange bilder.... 😊😋😜

Vart kun med prøvinga gitt... var litt vel råsa 😜😁

Posing 😊


CadillacRanch langs Route 66 i Amarillo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar