Sightseeing-buss er ein kjekk "oppfinnelse", det kan me vel ikkje nekte for. Men gubban so kjedelig det blir i lengden! Altso, desse som vi har hatt billett av har heile 7 forskjellige ruter i Los Angeles. SJU!! Me har tatt 4 av dei og er vel fornøgde. Det tar jo sjukt mykje tid, og so er det jo ikkje slik at det går ny buss kvart 5 minutt heller... ... Blir mykje venting. Og det er i allefall ikkje noko me synest er kjekk ferieaktivitet.
Vel, me starta tidlegare i dag enn i går, og stega avgårde for å rekke ein nokso tidleg buss ned til Santa Monica Beach.
Det var ikkje langt me hadde gått før eg klarte å gå i bakken med eit brak etter at eg trakka over!! Skal ikkje forundre meg om det var nokon som trudde det var nytt jordskjelv på gang... 😕😳 Fekk meg ein real smell i venstre handa, venstre ankelen er hoven etter ein noko uvanleg bevegelse, og høgre kneet er litt hovent og har fått ein flott lilla farge på utsida. Men ikkje pokker om det skulle stoppe meg! Me hadde ein liten "pause" på ein busstopp der eg fekk kjølt ned handleddet litt før me gav oss i veg att. Shit happends..
Me kom oss etter kvart ned til stranda, og der har me kosa oss og slappa av med alt som er der å sjå og høyre. Rett og slett fått lada opp D-vitamin banken i kroppen..
Litt tidlegare tilbake på hotellet i dag, då både ankelen og kneet syntes det var nok trakking for i dag og ville ha ein pause.. 😇
Her er ein liten smakebit frå bileta me har knipsa i dag:
 |
| Steike flott brannstasjon dei har i Beverly Hills |
 |
| Rodeo Drive - shoppingmekka... |
 |
| Det er på køyretøyet storfolk kjennes... |
 |
| Sjølvaste piren - Santa Monica Pier |
 |
| Dette er frå undersida av piren sånn i tilfelle nokon lurte ;) |
 |
| Sørsida av stranda nedover mot Venice beach |
 |
| Veit ikkje heilt om eg synest desse er heldige.. Motorveg på ei side og stranda på den andre sida. Men flott beliggenheit var det. |
 |
| Eit bilete av papegøyeblomst for dei av oss som likar slikt |
 |
| Til og med plamene er høge og tynne i Beverly Hills |
 |
| Mangt som kan brukast til ein liten kafe :) |
 |
| Denne saloonen i Beverly Hills såg ut til å vere veldig populær, då det var mykje folk der. |
 |
| Fant ikkje frø her heller.... |
 |
| Obligatorisk selfie ved Santa Monica pier |
 |
| Greitt å ha det stadfesta, og snart ruller me avgåde andre vegen ;) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar