tirsdag 18. april 2017

Menga oss med fiffen..

Jupp, i dag har me menga oss med fiffen i Beverly Hills - nærmare bestemt i shoppingområdet  Rodeo Drive.  Var kjekt det, men såg ingen kjendisar. Litt snytt egentlig, siden denne turguiden i går skrytte av at her kunne me verkeleg treffa på kjendisar.  Det var rikelig med andre med skrekkelig mykje pengar der.. såg i allefall slik ut på bilane dei susa rundt i og posar frå alle desse fancy butikkane.

Vel, me unna oss ein svindyr - men knallgod - salat med grilla kylling og ymse anna godt oppi, samt noko godt i glaset attåt.  Kosta oss heile 80 dollar for hærligheiten!!!! Blir knekkebrød resten av veka 😉

Ellers merka me oss fråværet av denne søtlige lukta som dukka opp rett som det var når me surra rundt ellers i Hollywood og LA. Ei slik lukt som desse kollegaene våre ikkje likar noko særleg - ikkje me heller for den del... Tanken slo oss at det var kanskje derfor me slokna so fort etter me la hovudet på puta om kvelden 😏😄😄

I kveld har me vore oppe på Griffith Observatory der me hadde utsikt utover heile byen og til det berømte skiltet "Hollywood". Sjølv om observatoriet var stengt var det rikelig med folk oppe for å ta bilder.

No er kofferten pakka igjen, i morgo ber det ut på tur i leigebil!!  Første etappe er via Death Valley til Las Vegas!

Nokre smakebitar frå dagens utflukter fylgjer her - stay tuned:

Downtown Los Angeles - der det er flest høghus

Mot havet og Santa Monica og Venice beach - og sikker mykje meir..

obligatorisk bilde av det berømte skiltet

Nyter utsikten fra observatoriet ;)
Der oppe altså - fysj så dyrt :P

Fantastisk god og dyr salat :) :) :) 




Den einaste butikken det vart handla hjå i Rodeo Drive!

MÅ berre ha med nokre av dei flotte blomane langs vegen... ...
2,3 mill dollar i barnebidrag!!!  Fyren har hatt det travelt!!

To fornøgde turistar seier takk for seg i Los Angeles

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar