mandag 22. mai 2017

Ferieoppsummering

4 veker ferie høyres veldig lenge ut, og skal eg være heilt ærleg så er det jo det òg 😊 Når eg no ser tilbake på desse 4 vekene blir eg litt andpusten, for jaggu har me sett, gjort og opplevd mykje!  Men so er det jo slik ferie me likar begge to - utpåtur - oppleve verden med alt den har å by på. Sightseeing i forskjellige variantar - på toppen av ein buss, eller som følge av ein real bomtur på GPS'en 😂😂😂

Her har me havna på real sightseeing med GPS'bommert 😜
Siste dag i New York hadde me spikra med eit kinobesøk for å sjå Snatched som vart lansert samme dag i USA. Komedie med Goldie Hawn og Amy Schumer - to damer med god humor etter min smak😉 Den har premiere i Norge 11, august, og eg anbefaler denne om du vil ha deg ein god latter 👍👍👍
Litt shopping i siste liten var det også.  Hadde jo allerede måtta kjøpt ny koffert då vektgrensa på dei andre to store var passert, og då er jo berre å fylle opp den nye også! 😎 Det er vel ikkje så veldig mykje å spare på å handle "over there", men nokre 100-lappar blir det. Og so er utvalget noko heilt anna enn her på berget!
På føremiddagen vart det og tid for det obligatoriske bilete frå Times Square. Her har me "fast plass" i trappa der me tar nokre bilete av oss sjølve og det som er rundt.

Sånn ca på fast plass i trappa 😊 Her nyter vi litt lunsj og ser på livet som farer forbi, masse turistar og andre rariteter 😉
Så var det tid for å komme seg ut på JFK for heimreis. Litt vemodigt, men godt òg å komma inn i normale rutinar att.
Me hadde på føremiddagen satt koffertane våre på baggasjeoppbevaringa til hotellet der me budde. Der fekk me dei til å skaffe oss taxi med plass til all baggasjen vår, og det dukka opp ein  svær SUV. Og då meiner eg svær! Det var samme type bil som det vi leigde  - GMC - men ein meir lux utgave. Trur det var Yukon Denali, men pytt - har ingen betydning. Sjåføren derimot var litt meir "interessant".  Denne type sjåførtjenester var ein bijobb han hadde i tillegg til å drive eit sikkerhetsselskap. Han kunne fortelje - og bevise med bilder - at han var bl.a. Lady Gaga sin sikkerhetsleder når ho var i New York! Det vart ein artig tur ut til JFK med gode historier og god guiding på turen ut 😊

Flyturen heim vart hakket bedre enn frykta. Av ein eller annan grunn hadde KLM funne ut at dei skulle "overta" setene som vi hadde booka for reisa både til LosAngeles og heim igjen fra New York. Vi hadde jo oppgradert litt siden vi fikk sjølve billetten for ein god pris, slik at vi hadde god plass til beina, samt at det kun var to seter på rada. Dette var  svaret eg fikk då eg kontakta dei etter å ha blitt flytta til standard seter: 


We cannot guarantee the allocation of a given seat, even if the reservation is confirmed for said seat. As we have mentioned in our previous message, your seat reservations have unfortunately been changed due to operational reasons. For your flight from Amsterdam to Los Angeles you are seated next to each other (on 11B and 11C) and for your flight from New York to Amsterdam you are seated on 11E and 14E.

Vi  skulle vist være glad for at vi fikk sitte ved sida av kvarande, og eg fikk "krangla" meg til at me fikk det på heimvegen òg.  Det er lite fristande å bruka dette flyselskapet fleire gonger.  Me har vore veldig fornøgd med dei tidlegare, men nok er nok. 

Landa på Sola i 18-tida, og då bar det rett ut på Randaberg Dyrepensjonat for å henta Tigergutt! Me var veldig spent på om han kom te å kjenna oss at 😻  Og DET gjorde han! Eigaren sa me berre kunne gå i førvegen til der han var, og i det eg åpna døra så ropte eg på Tigergutt. Og det var lyd! Og den lyden varte heilt heim!!!  Hællemåne for ei skravling 😂😹😂  Han hadde mykje å fortelje oss det er sikkert!

Vel - no har kvardagen innhenta oss litt i allefall. Eg har hatt litt jetlag og vore litt opp og ned med søvn av ein eller annan grunn. Me har feira 17. mai i Mandal der me var tidleg opp for å få med oss bursdagsjenta Tale i barnetoget kl. 09.00. 💕 Og denne helga besøk frå Gåpn 💕 der me har fått mimra litt gjennom bilder og videoar som er veeeeeeldig mange 😊

Neste rapport blir av ein annan slags tur... då blir det årest fyste tur med rudleståva! 🚙

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar