onsdag 10. mai 2017

Hekta på "Fitbit" i New York


For dei av dykk som ikkje heilt veit kva ein"Fitbit" er, så er det eit aktivitetsarmbånd med alt du kan tenke deg av funksjonar - skritteljar, pulsmålar, søvnregistrering osv osv.  Ja - ogso er det klokke på den 😇😜  I dag har eg slått rekorden min igjen - eller forbedra den er vel kanskje bedre å sei. 15,787 skritt frå ca 11-tida til ca 20:15. 👍
Det er ikkje vanskelig å få god tall på denne her i New York i allefall. Sjøl om me benyttar oss av subway rett som det er, så blir apostelens hestar brukt godt.  I dag tok me subway'en frå hotellet som ligg i lower east Manhattan, til heilt nederst der bl.a. Staten Island ferry går, ogso gjekk me oppover Battery Park som ligg mot Hudson River.  Flott tur i flott park.

Det er ikkje samme temperaturen her som me har vore vekkskjemde med dei føregåande 3 vekene. Her er vel tempen knapt rundt 15 grader. Er varmare heima har eg sett... MEN - me kan å kosa oss for det! Mykje god mat og drikke er det her også, så det var nok ikkje dumt med denne fitbit'en som får oss til å ut å gå 😏

Når me kom hit på søndag føremiddag, så var det ikkje so himla fristandes å ut å gå i byen. Det regna og blæs godt, so då vart det ein tur på kino. "The Circle" Med Tom Hanks og Emma Watson. Vel verdt kinobilletten 👍  Denne kinoen er ikkje like fancy som den me var på i New Orleans der kelnere kom med kva me enn måtte bestille frå menyen deira 😋 Popcornet klarte me å få med oss frå den vanlege kinokiosken.
Bestilte og kinobillett til siste dagen me skal være her.....  Måtte på retur dagen etterpå og høyre om me fekk bytte dag. for jaddi klarte me å bestille til laurdag når me kjem heim, i stadenfor på fredag som er den dagen me reiser frå NYC !!!!!  Ja - me fekk bytta 😂

Her kjem nokre bilder frå dei siste dagane ;)

Fasinerande å sjå all den flotte veggkunsten i denne byen. Dette er like i nærheita av der me bur.

Det var dette med størrelse da... Og ikkje være skrubbsulten når me bestiller! Men - me klarte neste heile 😜

Det er morsdag her i USA på søndag. Mykje pynt og reklame for å få folk til å handle..

the WTC Transportation Hub - med One World Trade Center i bakgrunnen

Utsikt frå Battery Park mot Jersey
Kjekk farkost politiet hadde på flyplassen i New Orleans :):):)  Noko for dei på Sola GK?

Nydelige akeleier blomstrer - trur eg må ha meg ein slik i hagen..

One World Trade Center fra Battery Park

Biene har mykje å kose seg med her i NYC også :)

Ein meget populær matvogn nede i Finacial district. Menye måtte studerast. Det vart med det ;)

Pier A Harbor House - med utsikt mot Verrezano Bridge og Frihetsgrudinnen

Rosene er begynt å blomstre...

Minnesmarkering for eitt eller anna... Var egentlig sperra av...

Rommet vårt på hotellet

Er vist ikkje alltid størrelsen det kjem ann på...

Jaggu slo me tilog testa sushi etter kinoen søndag!!! Har smakt værre ;)

7 etasjers kino, med 25 saler... og kinoen over gata er sikkert like stor. 

Anbefaler denne filmen  :)

Kunstinstallasjon i byen

Hotellet har ikkje romnr, men navn på romma :)

Frokost første dag i NYC før me hadde fått handla inn :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar