torsdag 28. mai 2026

Postkort nr 4/2026

Alt har ein ende, og so har dette årets Kreta-ferie.. eg kunne glatt ha vore mykje lenger rett og slett🤩 

Så då begynne eg heller å planlegge turen for neste år😅  Er så mykje meir eg vil sjå og oppleva av denne øya, og so vil eg rett og slett ha nokre dagar hjå Fani på Thalyra hotel i Rethymnon 🥰 òg mest sannsynleg nokre dagar hjå Victoria på Waterlily hotel i Kalathas like utanfor Chania 🥰 😅 Ho hadde vakse opp med dette hotellet som foreldra dreiv frå ho var lita jente. No var ho sjefen der😉 Eit knakandes fint hotell, som hadde mykje meir å by på enn det eg tok meg tid til å utforska.

Laurdag 23. hadde eg eit grådig hyggjeleg gjensyn med ei av damene eg var innkvartert på SUS i lag med då eg knakk ankelen i desember 2021 🤩🥰🥂🍻 Sjøl om me hadde vondter som fy me som låg der på det rommet, gjalla latteren langt bort i gangen fekk me beskjed om 😂😂😂 Kan vel trygt sei me fant tonen - i allefall 3 av oss 🥳😂🥰
Ho og mannen var akkurat komne til Rethymnon tidlegare på dagen 😅 Hadde oss noko god mat og drikke på ein knakandes god restaurant - Gorgona 🤩  Latter sat like laust no òg, og om det klaffe neste år ogso, so blir det nok eit nytt treff der 🤗

Waterlily hotel var det siste eg booka meg inn på før heimreise. Kalathas er ein roleg landsby som ligg ved havet og er i grunnen ok plassert i forhold til om ein vil ha seg ein tur inn til Chania. Eg for min del leigde meg ein liten bil att, og hadde meg turar på "platået" der flyplassen ligg etter anbefaling frå Victoria. 
Apropos det....... hotellet låg rett under det ALLE fly flaug øve når dei letta 😬 I går kveld i 23-tida - var det nokre helv.... jagarfly som var ute å leika seg 🫣 🛫🛫🛫 

I forgårs ramla eg øve ei strand i ei bukt som var heilt fantastisk 🤩 Golden Coast Beach i Akrotiri.
Her vart det forresten IKKJE solseng då dei skulle ha 25€ for det.. Vistnok her ein gammale film "Zorba.." vart spelt inn. 
Var absolutt heilt greitt å legga seg på handkle i sanden òg. Den var veldig enkel å riste av då det var den litt grovare sanden.
Her var det eit sund der havet kom inn, og ingen dønningar og bøljer. Der var det berre å gå uti og legga på svøm tvers øve - att og fram til krampa tok deg 😜😂 
Trur forresten eg har overdrive symjinga litt fordi det eine kneet er litt kranglete i dag 🤭

So - i skrivande stund sitte eg på Gardemåen og vente på neste etappe nordover. OG - må berre få sagt det, har du ei ræv som er breiare enn eit liggjande A4 ark, so ikkje ta sete A1! Fytti helsikken må eg berre sei... Venstre skinka mi var dau når me gjekk av flyet etter å ha sete på ein stål"kant" heile vegen heimover hit, og det var klin umogleg å få gjort noko med 🫣😬 

Her er nokre bilete frå dei siste dagane, no må eg lada mobilen 🤭 Eg skal skåne dykk for alle kattar, mat og blomsterbilder eg har teke - det tok litt av ser eg no i albumet 😂😂😂

Kan ikkje droppa morgonshotten min med heilt lokal olivenolje og sitron🤩

Nytt felt oliventre i emninga her

Utsikt mot Rethymnon frå høgden

Syklar kan brukast til so mangt 

Posten skal fram også oppi fjellbygdene... torde ikkje kika inn om postmannen hadde teke seg ein siesta 🤭 

Endå ein utsikt mot Rethymnon 

Her kjem nokre bilete fra gamlebyen i Rethymnon 😅 Desse får tale for seg sjølv 🤗

















So var eg komen til Kalathas:

Utsikten frå den eine balkongen 🤭

Her altså 🤩🥰🏊☀️😎 

Nærbilete av sanden 😂🤪🤣

Kveldsutsikt mot Chania by frå ein restaurant eg fekk tips om tiø dette formålet - Carte Postale

Siste lønsjen på gresk jord vart gresk salat og nypressa appelsinjuice 🥳🇬🇷☀️


6 kommentarer:

  1. Kjekt å lese. Du har hatt det fint ser æ😎 God tur nordover 😊 hilsen Unn

    SvarSlett
    Svar
    1. E ikkje so vanskeleg det der nede 😎🥰 Vel heime att no te 8 grader 😜

      Slett
  2. Driv og sjekkar breidden på røvi i forhold t eit A4 ark😎 Kjekt å følga deg på tur😃 Klem Alfhild

    SvarSlett
  3. Så kjekt å fylla deg på tur. Du har virkelig samla nye minner👌🏼 Ha det fint der oppi nord, Bente🙋🏼‍♀️🌸🌺

    SvarSlett
  4. Jilt å følge deg på turen Bente

    SvarSlett